Den fyrste seansen er gratis, og den handlar rett og slett om å møtast. Me snakkar om korleis det går med deg, kvifor du vurderer terapi, og kva du ynskjer å arbeide mot. Kvar kjem du frå, og kvar vil du hen? Det viktigaste er at du får ein reell smak av korleis det er å arbeide med meg og metoden Relasjonell Intelligens®, slik at du kan kjenne etter om dette er riktig for deg.
Terapi går djupare når det er tryggleik til stades. Dei fyrste seansane brukar me derfor på å bygge ein solid terapeutisk allianse, eit rom der me nærmar oss sårbare sider av deg i eit tempo kroppen din er klar for. Undervegs får du også kunnskap om nervesystemet, stress og korleis tidlege erfaringar pregar oss, tilpassa deg og det me arbeider med.
Kvar seanse har sin eigen rytme. Me startar med å lande og finne ro, deler tema for seansen, utforskar det som dukkar opp, og finn vegen tilbake til ein regulert tilstand før me rundar av. Til slutt ser me på kva som har bevega seg, og legg eventuelt ein plan for vidare arbeid.
Tempoet bestemmer du sjølv. Nokon møtest kvar veke, andre annakvar veke eller ein gong i månaden. Ved avgrensa tema kan ein kome langt på få seansar. Ved djupare arbeid med traume og tilknyting er tid og relasjon ein viktig del av prosessen, og då gir lengre oppfølging dei beste føresetnadene for varig endring.